Tre personar skadd då båt gjekk på grunn

To menn og ei kvinne vart sende til sjukehuset etter at ein skjergardsjeep køyrde på eit skjer i Gandsfjorden natt til måndag. Alle tre er lettare skadd.

Ulykke Gandsfjorden

Ein av dei skadde blir teken hand om på Stavanger universitetssjukehus, etter at luftambulansen har landa.

Foto: Ronny Hjertås

Kilde: NTB/NRK

Klokka 02.45 natt til måndag fekk Hovudredningssentralen melding om at ein båt hadde køyrd på eit skjer og kantra i Gandsfjorden. Det var ein av personane som sjølv var involvert i ulykka som varsla.

Alle naudetatar rykka ut. Og eit søk vart sett i gong.

Ulykka skjedde ved Gauselholmen i Gandsfjorden mellom Sandnes og Stavanger, men den som varsla trudde at dei var nærmare Stavanger. Difor vart ikkje båten og dei tre om bord funne før klokka 03.23.

Ulykke i Gandsfjorden

Alle naudetatar rykka ut då det kom melding om at ein båt hadde kantra i Gandsfjorden.

Foto: Ronny Hjertås

Frakta til sjukehuset

– Alle dei tre personane hadde hamna på land etter kantringa. Ein av personane låg i klem mellom båten og land, seier redningsleiar på Hovudredningssentralen, Eirik Walle.

Ein person var medvitslaus, og vart frakta med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus. Dei to andre fekk lettare skadar og vart frakta til sjukehuset med Sea King-helikopter.

Stavanger universitetssjukehus melder kl. 14:50 at alle tre er lettare skadd. Det var to menn på 43 og 42 år og ei kvinne på 47 år som var involverte i ulykka.

– Dei har utan tvil feilnavigert, og dei har treft skjeret med svært høg fart. Det kunne ha gått mykje verre, seier Walle.

Veit ikkje årsaka

Dei hadde køyrt med båten frå Oljemuseet i Stavanger, men det er ikkje visst kva som er årsaka til at dei køyrde på skjeret.

– Me har ingen konkrete mistankar, men me vil be om at det blir teke ein blodprøve av personane om bord slik at me kan utelukke promillekøyring, seier operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Rogaland politidistrikt.

Laster Twitter-innhold
Laster kart, vennligst vent...