Tre koronasmitta i Hjelmeland

To menn i 40-åra og ein mann i 50-åra busett i Hjelmeland, er stadfesta smitta med koronavirus i dag. I det eine tilfellet er det kjend smitteveg frå utanfor kommunen, medan to av tilfella er relatert til kvarandre og ein har ukjend smitteveg. Dei smitta vert følgt opp av lokalt helsepersonell, melder Hjelmeland kommune.