Hopp til innhold

Trudde travkusk var full – smitteverntiltak var årsaka

FORUS (NRK): Først viste alkometeret at travkusk Åsbjørn Tengsareid hadde 0,47 i promille. Då han skulle blåse igjen, var promillen på 1,18. – Eg drikk jo berre vatn og kaffi, seier han.

Åsbjørn Tengsareid

BLES RAUDT: To gonger viste alkometeret at travkusk Åsbjørn Tengsareid hadde drukke alkohol. Det var feil.

Foto: Tore Meek

Det var før travløpa på Forus Travbane laurdag kveld at kusk Åsbjørn Tengsareid fekk seg ei overrasking han seint vil gløyme.

Før alle V75-løp må kuskane gjennom ein promillekontroll. Då Tengsareid bles i alkometeret, gav prøvene utslag. Ikkje berre éin, men to gonger.

– Eg drikk berre vatn og kaffi, men plutseleg viste testen at eg hadde drukke. Eg hugsar ikkje sist eg drakk alkohol, fortel travkusken, som held til i Sandefjord.

– Noko var skikkeleg gale

På første test viste alkometeret ein promille på 0,47. Ved andre forsøk viste det ein promille på 1,18.

– Då tenkte eg at noko var skikkeleg gale. Funksjonærane som gjennomførte testen kikka på kvarandre, og trudde sikkert at eg hadde drukke.

Tidlegare på dagen hadde Tengsareid vore i eit barneselskap, og altså ikkje drukke alkohol. Årsaka til utslaget på testen var eit smitteverntiltak frå travbanen si side.

Dagleg leiar, Bjørn Bagstevold, ved Forus Travbane presiserer at alt ansvar for hendinga er hans.

– Det var nokre pliktoppfyllande funksjonærar som hadde fått beskjed om å vaske alkometeret mellom kvar bruker grunna korona-situasjonen. Dei hadde desinfisert det med sprit, seier Bagstevold.

Bjørn Bagstevold

BEKLAGAR: Dagleg leiar ved Forus Travbane, Bjørn Bagstevold, beklagar overfor Tengsareid og funksjonærane.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Dermed var det alkohol i alkometeret før Tengsareid bles.

– Det er sjølvsagt ikkje heldig å desinfisere det med sprit. Eg må berre beklage at det skjedde, både til Tengsareid og funksjonærane. Det er mitt ansvar, seier Bagstevold.

Bles null på tredje forsøk

Etter ei lita stund fekk travbanen skifta til eit nytt alkometer. Då fekk Tengsareid og dei andre kuskane blåse på ny.

– Då bles eg null, så det heile løyste seg til slutt, fortel kusken.

Enden på historia vart altså god, for hovudpersonen sette seg etterpå bak hesten Thai Eros og vann løp nummer tre med storfavoritten. I tillegg sikra han tredjeplass i to av dei andre løpa.

– Det vart ei god avslutning på dagen.

No håpar Bagstevold ved travbanen at den uheldige hendinga endar opp som ei god historie.

– Det håpar eg når alle får lagde det heile bak seg, seier han.

Forus Travbane feira i helga 100 år, men grunna koronapandemien vart jubileumsfesten utsett. Bursdagen vart likevel markert ved å døype løpa etter hestar som har markert seg frå dei siste 100 åra, og vinnarane av løpa fekk kvar sin jubileumspokal, opplyser travbanen.