To nye plater, europaturné, festivalar og musikk til teaterstykke. Gjengen i Kaizers Orchestra kan ikkje bruka 2011 til å kvila på gamle oljefat. Neste år er det ti år sidan jærrockarane slo gjennom med debutalbumet «Ompa til du dør». Og jubileumsåret blir hektisk som aldri før.
– 2011 blir det travlaste året til nå for Kaizers, slår vokalist og frontfigur Janove Ottesen fast. I dag var han gjest i føremiddagssendinga til NRK Lokalen på radio.
Ny triologi
Mange er spente på bandet sin nye triologi-serie, «Violeta Violeta». I januar kjem det første albumet i platebutikkane i ti forskjellige land i Europa. Allereie i november/desember kjem den andre plata i triologien ut på platemarknaden.
– Me skal òg ut på europaturné neste år. Opningsshowet blir i Folken i Stavanger 11. og 12. februar, seier Ottesen.
Punktumet for turnéen blir sett i Oslo spektrum 9. april. Drygt tre månader før konserten går av stabelen er det seld omlag seks tusen billettar til storstova som tek 9.700 publikummarar på det meste.
– Dette blir det største klubbshowet me har gjort, og er noko me verkeleg ser fram til.
Musikkteater
I tillegg til ein fullbooka festivalsommar med spelejobbar på omlag 40 festivalar, skal også Kaizers-gjengen laga musikken til musikkteateret «Sonny» som får premiere på Rogaland teater neste år.
– Det er magisk å tenka på at fans over heile Europa ventar på oss. Det skal bli godt å reisa ut som rockestjerner igjen, seier rockejubilant Janove Ottesen.