Hopp til innhold

Travel natt for politiet - mykje fyll

Fylleringing til politiet, bering av kniv, trugslar med softgun og brekt nase er berre nokre av hendingane som politiet har rykka ut på i natt.

Bevæpnet politi
Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– No er det seks personar som sitt i arresten for fyll, ein person er i tillegg sett i varetekt for trugslar mot politiet, seier operasjonsleiar ved Rogaland politidistrikt, Egil Karlsen.

Politiet fekk i løpet av natta fleire meldingar om rusa personar. I tillegg til dei som vart sette i arresten, har også 11 personar blitt viste vekk av politiet i Sør-Rogaland.

Laster Twitter-innhold

Fylleringde til 112

Politiet i Haugesund melder også om mykje fyll og tull.

Ein mann vart mellom anna henta inn av politiet to gonger, fordi han fylleringde til 112.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Truga med ein softgun

Klokka 04:15 vart ein mann i 20-åra arrestert av politiet i Haugesund sentrum. Årsaka var at han brakk nasen på ein jamaldring. Ein person vart køyrd til legevakta, den andre vart sett i varetekt.

Klokka 02:15 vart ein mann i 20-åra arrestert av væpna politiet på Karmøy, etter at han hadde kome med trugslar med våpen. Det viste seg at det var ein softgun som mannen truga med.

Klokka 02:15 vart ein mann meld til politiet for å gått med kniv i Haugesund. Kniven var beslaglagd av politiet.

I tillegg har politiet vist vekk fleire frå sentrum i Haugesund, grunna ordensforstyrring.