Hopp til innhold

Mange vil ha hypnose i januar

Nordmenn strøymer til hypnoterapeutar for å klare å oppfylle nyttårsforsetta. Kurt Håland vil ned i vekt.

hypnoterapi

I TRANSE: Kurt Håland slappar av, medan hypnoterapeut Øyvind Holter gjer det han kan best.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Eg har krakk til deg, og teppe om du vil ha?

Hypnoterapeut Øyvind Holter passar på at Kurt Håland finn seg godt til rette i ein djup lenestol.

Musikk med innslag av bølgesus saman med dimma belysning og lukka persienner set stemninga for seansen.

Øyvind Holter

Hypnoterapeut Øyvind Holter.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Travel månad

Håland er ikkje aleine om å oppsøka hypnoterapeut denne månaden. NRK har vore i kontakt med terapeutar i fleire deler av landet, som melder om stor trafikk i januar.

No skal nyttårsforsetta setjast ut i livet, og mange ynskjer seg litt hjelp på vegen.

– Nokon vil ha fjerna søtsuget, nokon vil i gang med trening, andre har valt å kutta røyken eller vil gå ned i vekt, og synst at byrjinga på året er ein fin ny start, seier Holter.

Slutta å røyka

Håland har sete i denne lenestolen før. For eit år sidan slutta han å røyka ved hjelp av hypnoterapi. Det hadde han aldri trudd skulle skje.

– Eg har i grunnen aldri vore open for slikt som dette, seier Håland.

Før Håland hadde hatt første timen sin, så trudde han at Holter var ein ekte lurendreier.

– Eg meinte at hypnose var noko som berre fungerte for folk med svært dårleg viljestyrke. Eg hadde inga tru på det. Men det fungerte jo ganske godt då! seier den no røykfrie Jærbuen.

I transe

No er han tilbake for nye justeringar. Forma skal opp og vekta skal ned.

– Eg er her for å få hjelp og motivasjon til noko eg skal oppnå, fortel Håland bestemt.

Holta ber Håland om å slappa av, lukka augo, og lytta til stemma hans. Han har eit slags manus som skal hjelpa kunden hans til å koma i kontakt med undermedvitet sitt, slik at han som behandlar kan arbeida med underbevisst motivasjon og oppførsel.

Det heile tek ein liten halvtime, og når tida er ute og Håland blir «henta tilbake» til vaken tilstand, så er han smilande og litt ør, men føler seg perlefin.

Maner til skepsis

Psykolog og forfattar Sigurd Stubsjøen meiner folk bør ha ein sunn skepsis i møte med hypnoterapeutar som lover ein lett og smertefri veg til eit nytt og betre liv:

– Hypnose kan vera som ein døropnar. Det kan hjelpa deg i gang, men du må dra lasset sjølv, understrekar han.