Hopp til innhold

Trappar ikkje opp oljestreik

Fagforbunda har i eit møte i ettermiddag avgjort at dei ikkje vil trappa opp oljestreiken. Dermed er det framleis om lag 700 oljearbeidarar som er ute i streiken.

Troll A

Drøyt 700 oljearbeidarar har vore ute i streik sidan måndag. I dag blei det avgjort at streiken ikkje blir trappa opp med det første.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Ekstrauttaka som Statoil har gjort i samanheng med streiken gjer at me ikkje vil trappa den meir opp, seier forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi til NRK.no.

Han har i ettermiddag sitte i møte saman med SAFE og Lederen for å ta stilling til ei eventuell opptrapping i oljestreiken som har pågått ei veke.

– Me kjem til å ha eit nytt møte tidleg neste veke der me nok ein gong vurderar om me skal trappa opp, seier Sande.

Streikar om pensjon

Leif Sande leder Industri Energi

Leif Sande, forbundsleiar i Industri Energi, meiner aktiviteten på norsk sokkel må ned på grunn av streiken.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Fagforbunda SAFE, Industri Energi og Lederen tok måndag ut 708 medlemmar ut av oljeproduksjonen i Nordsjøen. Årsaka til streiken er mellom anna ei pensjonsordning, som har blitt fjerna for dei tilsette i bransjen.

Brage, Huldra, Veslefrikk A og B, Oseberg C, Heidrun-feltet og industrianlegget Tjeldbergodden er så langt stengde på grunn av streiken.

Ifølgje Oljeindustriens lansforening (olf) skriv på heimesidene sine at streiken snart har kosta ein milliard kroner.

Utelukkar frykt

I dag skulle det altså vurderast om streiken skulle bli trappa meir opp, men Sande meiner dagens nivå er godt nok.

– Me føler at effekten er god nok, og om me får fortsetta på dette nivået vil arbeidsgjeverane koma til bordet for forhandlingar, seier han.

Han avviser at det har noko med frykt for arbeidsgjevarane å gjera.

– Det har det ikkje, men me håper at dei også viser ansvar nå, og ikkje overdriv effekten med ein lockout.

– Så kor lenge kan denne streiken halda fram?

– Lenge. Me er klar til å stå i streik lenge for denne saka.

Håper på forhandlingar

Administrerande direktør i Oljeindustriens landsforening, Gro Brækken, håper dette er eit signal på at fagforeiningene vil gå inn i nye forhandlingar.

– Me kan ikkje fira på den prinsipielle saka om gavepensjon. Men me er mest opptekne av å finna ei løysning, og me håper at dei nå heller vil halda fram dei gode samtalane me har hatt på dei andre punkta, seier Brækken.

– Kan det bli aktuelt med nye samtalar i helga?

– Det må me vurdera i løpet av dagen i dag.