Hopp til innhold

Maursyre stengte bru i Vindafjord

Eit traktorlass med maursyre velta på fylkesveg 46 i Vikedal sentrum i Vindafjord, laurdag føremiddag. Vegen blei stengt i ein periode.

Traktorlass med maursyre velta på bru i Vikedal

Kannene med maursyre i vegbanen, kom frå ein velta traktortilhengar.

Foto: Kjell Bua / Blink foto

Det var full utrykning frå ambulanse, brannvesen og politi, etter at store mengder kanner med maursyre blei liggande på brua over Vikedalselva. Uhellet skjedde då ein traktortilhengar velta på staden, laurdag føremiddag.

Syre er farleg for bildekk

Politiet frykta at noko av maursyra kunne lekka ut og koma inn på vegbanen. Det kunne i tilfelle ha ført til skader på dekka til bilane som kjørte på fylkesveg 46 over brua. Derfor blei trafikken stengt ei stund, medan vegbanen blei rydda opp i.

Full utrykning etter tilhengar med maursyre velta på Vikedalsbrua

Det var full utrykning til Vikedalsbrua, laurdag føremiddag. Køen med bilar blei også lang.

Foto: Kjell Bua / Blink foto

Ingen personar kom til skade og vegen blei opna igjen etter at det var klart at det ikkje hadde skjedd nokon lekkasje frå maursyre-lasset.