Hopp til innhold

Trakasseringssak skaper intern strid i ungdomsparti

Fleire fylkesleiarar i KrFU vil ha ekstraordinært landsmøte for å velja ny leiing grunna handteringa av ei trakasseringssak i partiet. Men kontrollkomiteen seier nei.

Julia Sandstø

Åtte av fylkesleiarane i KrFU retta eit krav om ekstraordinært landsmøte og val av ny leiing i KrFU, etter leiinga si handtering av saka der KrFU-politikar Julia Sandstø (bilete) varsla om trakassering.

Foto: Rolf Øhman / Aftenposten

– Det er dessverre inga overrasking, seier fylkesleiar i KrFU Akershus, Simen Bondevik.

Han var ein av dei åtte fylkesleiarane som like før jul kom med eit krav om ekstraordinært landsmøte og val av ny leiing i KrFU.

Bakgrunnen for kravet var leiinga si handtering av saka der KrFU-politikar Julia Sandstø varsla om trakassering frå ein eldre politikar i ungdomspartiet.

Men sidan då har ein av dei andre fylkesleiarane gått vekk frå kravet, og for å krevja eit ekstraordinært landsmøte må minst åtte fylkeslag stilla seg bak. Det er ein av grunnane til at kontrollkomiteen i ungdomspartiet no har kome fram til at kravet er ugyldig.

Det er synd at eitt av fylka trakk seg frå kravet. Me meiner at sentralstyret spreier ein bodskap om at dette er ein maktkamp og dei prøver å dyssa ned Julia si sak, seier Bondevik.

Ugyldig

Generalsekretæren i KrFU, Otto Galtung, kjenner seg ikkje igjen i skuldingane.

– Me tar denne saka på det djupaste alvor, og ser fram til landsstyremøtet der me skal behandla denne saka, skriv han i ein e-post til NRK.

– Kontrollkomiteen har kome med sitt svar til sentralstyret, og etter deira vurdering så er ikkje kravet om ekstraordinært landsmøte gyldig. Dette er sendt landsstyret for behandling.

Jonas Sayed

Fylkesleiar i Rogaland KrFU, Jonas Andersen Sayed, meiner det heile minner om ein maktkamp.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Både Galtung og leiar i KrFU, Martine Tønnessen, har blitt kritisert i media for å ikkje ha handtert trakasseringssaka godt nok. I Aftenposten hevda Sandstø at dei hadde bedt henne om å trekke saka.

Det er ting me kunne gjort annleis i handteringa av saka, og dette har me beklaga. I landsstyret skal me gå grundig gjennom saka og me ynskjer openheit og å snu kvar stein, seier Galtung.

Usemje innanfor ungdomspartiet

Men fylkesleiarane som ville ha ekstraordinært landsmøte meiner leiinga ikkje har kome med ei god nok beklaging til Sandstø. Det er også difor dei ber om nytt val.

– Dersom sentralstyret har tillit i organisasjonen vil dei bli valde på nytt, dersom dei ikkje har det, så blir dei ikkje det. Eg har i alle fall ikkje tillit til ei leiing som ikkje klarer å beklaga seg etter dårleg handtering av ei sak, seier leiaren i Akershus, Simen Bondevik.

Men alle fylkesleiarane er ikkje samde i det.

Fylkesleiaren i Rogaland meiner det heile minner om ein maktkamp, og at kravet om val av ny leiing berre er eit påskot for å blitt kvitt folk ein ikkje likar.

– Det er ting som tydar på det, og eg er ikkje redd for å seia det, seier fylkesleiar, Jonas Andersen Sayed.

Det avviser Bondevik.

Sayed er letta over at kontrollkomiteen har kome fram til at kravet er ugyldig. Men han trur likevel ikkje at det vil skapa ro i partiet.

– Ikkje på kort sikt. Det er framleis sju fylkesleiarar som står inne for dette, så difor er det ganske dramatisk det som skjer i partiet vårt no, seier Sayed.