NRK Meny
Normal

Alvorleg skadd i trafikkulukke

To personbilar og ein lastebil var involvert i ei trafikkulukke på fylkesveg 505 mellom Bryne og Kverneland i Time kommune. To personar er skadde og vegen er stengt.

Trafikkulukke ved Njåskogen

Fylkesveg 505 er stengt på grunn av ulukka som skjedde i halv åttetida onsdag morgon.

Foto: Magnar Larsen

Klokka 07.25 fekk politiet melding om ulukka som skjedde like nord for Njåskogen i Time kommune.

Då dei kom til staden sat to personar fastklemt i personbilen, men dei blei etter kort tid frigjort.

Ifølgje Jærbladet var det ein far og dottera som blei skadd i ulukka. Onsdag føremiddag melder Stavanger universitetssjukehus at mannen er alvorleg skadd. Jenta er lettare skadd.

Politiet har snakka med folk på staden og har ei viss oversikt over kva som har skjedd.

– Den eine bilen kom over i motsett køyrefelt. Lastebilen prøvde å svinga vekk for å unngå å kollidera. Då traff lastebilen den andre personbilen, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Tor Helge Stavik.

Føraren av bilen som kom over i motsett køyrefelt er fråteken sertifikatet.

Klokka 9.30 var politiet ferdige med sine undersøkingar på staden, men vegen er framleis stengt i samband med oppryddingsarbeidet.

Laster Twitter-innhold