Trafikkulukke i Hillevåg

To bilar, ein moped og ein motorsykkel er involverte i ei trafikkulukke i Hillevågsveien i Stavanger. Ein BMW skal ha køyrd inn i motorsykkelen og mopeden, og førarane er køyrde til sjukehus. Det er ukjend kor alvorlege skadane er. Trafikken står.