Hopp til innhold

Trafikkuhell på Kartavoll

Ein 26 år gamal mann og ei 21 år gamal kvinne blei tekne med i ambulanse, etter eit trafikkuhell i nærleiken av Undheim i natt. Dei to køyrde motorsykkel, og uhellet skjedde då dei kolliderte med eit rådyr. Begge skal vera lettare skadd, men rådyret døde.