NRK Meny

Total legg ned hovudkontoret

Oljeselskapet Total sitt hovudkontor i Stavanger blir lagt ned. Det skriv Stavanger Aftenblad. Dette skjer etter at danske Maersk Oil er oppkjøpt av Total. All aktivitet i Norge, Danmark og Nederland skal styrast frå København. Pressekontakt Leif-Harald Halvorsen, I Total Norge seier til Aftenbladet at dei ikkje har informasjon om kva dette betyr for dei norske tilsette.