Hopp til innhold

KrF vil finansiere utgraving på Avaldsnes

Stortingsrepresentant Geir Toskedal frå KrF har fått partiet med på å løyve 5.4 millionar kroner til utgraving av kongshallen på Avaldsnes i Karmøy. Men det gjenstår å få beløpet gjennom i forhandlingane med Venstre, FrP og Høgre.

Olavskyrkja på Avaldsnes

Olavkyrkja på Avaldsnes er bygd på området, som var ein del av ein kongsgard i vikingetida.

Foto: Alf Magne Torkildsen

– Nå har eg fått gjennomslag i eige parti for å løyve 5.4 millionar kroner til utgraving på kongsgarden på Avaldsnes.

Geir Sigbjørn Toskedal

Geir Toskedal er stortingsrepresentant for KrF frå Rogaland. Han bur på Karmøy.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Det seier ein stolt Geir Toskedal frå KrF. Stortingsrepresentanten frå Karmøy har i tre år prøvd å skaffa pengar til utgravinga av kongshallen, men er ennå ikkje heilt i mål

– Eg skal kjempa for at pengane kjem velberga gjennom statsbudsjettsforhandlingane, men meir enn det kan eg mest ikkje lova, seier han.

Veit at kongshallen er der

Marit Synnøve Vea og May Britt Haukås.

Marit Synnøve Vea er sentral i arbeidet med Nordvegen historiesenter på Avaldsnes i Karmøy. Her er ho i vikingsklede saman med May Britt Haukås.

Foto: NRK

Det var professor Dagfinn Skre ved Universitetet i Oslo og hans team, som under utgravingane i 2012 fann kongshallen på Avaldsnes. Men kongshallen blei funnen så seint under utgravingane på kongsgarden frå vikingetida, at den aldri blei undersøkt skikkeleg i 2012.

– Me fekk berre såvidt konstatert at den var der, før me måtte fylle på med masse igjen. seier Dagfinn Skre.

Nye planar

Seinare har Skre jobba saman med Karmøy kommune for å få til ei ny utgraving. Universitetet i Oslo har laga ein prosjektplan og søkt riksantikvaren om løyve til å grave. Alt dette er på plass, men gravinga må skje før det nåverande prosjektet går ut.

– Det betyr at me er nøydde til å gjera det før våren 2019, og i praksis betyr det at det må gjerast neste år, seier Skre.

Karmsundet

Karmsundet mellom fastlandet og øya Karmøy, som i vikingetida blei kalla for Nordvegen.

Foto: NRK

– Kvifor er ei slik utgraving viktig?

– Det er den einaste ikkje undersøkte kongehallen frå norsk middelalder. Den er bygd rundt år 1300, då Noregsveldet sto på sitt høgaste. Dette er ein storhetsperiode i norsk historie og dette er eit monument som kan kaste lys over den perioden, seier Skre.

Lite hjelp å få frå Høgre

Partiet Høgre sette ikkje av pengar til utgravingar av kongshallen i regjeringa sitt statsbudsjett denne hausten. Derfor kan heller ikkje stortingsrepresentanten Sveinung Stensland lova at pengane blir løyvd i forhandlingane med KrF og Venstre.

– Me hadde ein veldig god dialog då Torhild Vidwey var statsråd i kulturdepartementet, og då var det like ved at me fann ei løysing. Dessverre så kom ikkje pengane inn i statsbudsjettet denne gongen, seier Stensland.