Hopp til innhold

Tortur kunne vore unngått

Saka, der ein 16-åring blei torturert i fleire døgn inne i ein leilighet, kunne vore unngått. Politimesteren i Haugesund har løysinga.

Barnevern

Politimesteren vil ha institusjonsplasser for barnevernet på Haugalandet

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Det må opprettast akuttplasser innan barnevernet på Haugalandet snarast, seier politimester Kaare Songstad.

Kaare Songstad

Kaare Songstad er politimester i Haugesund og Sunnhordland politidistrikt

Foto: NRK

Han meiner saka, kor ein 16-åring blei torturert i ein leilighet i fleire døgn, kunne vore unngått dersom barnevernet hadde hatt ein institusjon med akuttplassar i distriktet.

- Slik det er nå blir ungdommar ein kasteball mellom offentlege etatar og der dei endar opp i politiarresten hos oss, når situasjonen blir ille nok, seier Songstad.

Ingen støtte

Barnevernet på Vestlandet kan ikkje lova akuttplassar på Haugalandet. Avdelingsdirektør Nina Bolstad i BUFETAT ser heller ikkje samanhengen mellom tortursaka og mangel på akuttplassar.

Mot rettsak

Mandag startar rettsaka i Haugesund mot dei som er tiltalte i tortur-saka.