NRK Meny
Normal

Arneageren skal oppdaterast – du kan bestemme

Kommunen skal ta i bruk eit av tre ulike forslag til ei ny utforming av Arneageren, torget utanfor Sølvberget i Stavanger. Og dei treng di hjelp for å bestemma seg.

Illustrasjon "Ringvirkninger" - "Arneageren" - torget utenfor Sølvberget

«RINGVIRKNINGER»: Her er eit av forslaga til ei ny utforming av plassen.

– Vi treng hjelp frå publikum, det er trass alt dei som kjem til å bruke plassen.

Claus Petersen, prosjektleder for Arneageren

PUBLIKUM BESTEMMER: Claus Petersen seier at det er viktig at dei som brukar plassen kvar dag, får bestemme korleis den skal sjå ut.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

Claus Petersen står midt på Arneageren utanfor Sølvberget i Stavanger og fortel om det nye prosjektet til kommunen. Han er sett til å leie det som er ein konkurranse, der publikum kan vere med å bestemme korleis ein av byens mest kjende myldreplassar skal sjå ut i framtida.

– Vi har invitert tre lokale arkitektkontor frå Stavanger som har lagt fram forslag. No må publikum gjere resten. I dei tre forslaga er sjarmen Arneageren har i dag tatt vare på og vidareført på ein veldig fin måte.

Gamle røyr

Grunnen til at Arneageren skal oppdaterast, er at det uansett må utførast gravearbeid på plassen, då kloakk- og røyrinstallasjonar samt leidningar må skiftast ut under bakken. I tillegg er plassen som den står i dag over 30 år gamal, og kommunen meiner det er behov for ei oppdatering.

Dersom ein vil gi innspel, kan ein sende e-post til arneageren@stavanger.kommune.no, eller skrive på kommunen si facebookside. Ein kan òg bruke #arneageren på Instagram eller Twitter. Det står ei utstilling i Sølvberget med dei tre forslaga. Dersom ein heller ønskjer å møte prosjektansvarleg Claus Petersen, kan du stikke innom prosjektkontoret Stavanger Sentrum i Søregata 30 i løpet av veke 20.

Under er dei tre forslaga til utforming av Arneageren, med utdrag frå teksten der dei sjølv fortel om forslaga sine.

 Illustrasjon "Mylder" - "Arneageren" - torget utenfor Sølvberget

«MYLDER»: Det er eit mål med vårt forslag å ta vare på den intime stemninga på staden. Nytt steinbelegg skal vere med på å framheve og understreke staden samtidig som det skal forsterke og ta vare på stemninga som ein mellomalderplass. På midten av plassen står det tre Hestekastanjar. Desse trea er byens tuntre.

Illustrasjon "Årringer" - "Arneageren" - torget utenfor Sølvberget

«ÅRRINGER»: Det formbaserte grepet bak «Årringer» er basert på det eksisterande sirkelmønsteret i brusteinen og består av konsentriske sirklar som spreiar seg ut i gatenettet som grensar til plassen. Årringane speglar plassens historie, dens ulike tidsepokar og funksjonar.

Illustrasjon "Ringvirkninger" - "Arneageren" - torget utenfor Sølvberget

«RINGVIRKNINGER»: Med utgangspunkt i sirkelen – som ringar i vatnet – organiserast byrommet rundt ein sentral møteplass; eit sirkelforma forhøga areal. Dagens tre er utgangspunktet for ringverknaden.