Tonnevis av kveite døydde i Jøsenfjorden
60 tonn med oppdrettskveite døydde i eit anlegg i Jøsenfjorden i Hjelmeland i slutten av oktober. Det skriv Strandbuen. Det var truleg uvanleg sterk straum i fjorden, som gjorde at fiskane kom i klem inne i oppdrettsanlegget til Sterling Hallibut i Tytlandsvik.