Hopp til innhold

– Tønes har satt dialekta si på kartet

Sokndalsfenomenet Tønes vert hedra med Dialektprisen for 2013 frå Norsk Målungdom.

Tønes Øyafestivalen 2013

Tønes under Øyafestivalen i sommar.

Foto: NRK

– Tønes har gjort suksess på landsplan dei siste par åra, etter mange år som lokal helt i Rogaland. Haua-dialekten er elles sjeldan å høyre i riksdekkjande samanhengar, men den har Tønes sett ettertrykkeleg på kartet, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

Det er årsaka til at Norsk Målungdom har kåra Tønes til vinnar av Dialektprisen for 2013. Overrekkinga av prisen skjer på Det Norske Teatret i dag klokka 13.

Vann to spellemannsprisar

Tønes fekk spellemann-pris

Tønes med ein av spellemannsprisane sine.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Tønes heiter heiter Frank Tønnesen, og kjem frå Sokndal kommune, heilt sør i Rogaland. Han debuterte allereie i 1996 med albumet «Rett te håves», og har lenge vore svært populær i heimfylket. Det nasjonale gjennombrotet kom først for alvor i fjor, med albumet «Sån av Salve», som hausta to spellemannsprisar.

– Visesong ikkje er nødvendigvis det folk flest tenkjer på som mest ungdomeleg, men Tønes verkar å vere heva over folks vanlege sjangerpreferansar. Tekstane og songane hans møter gjenklang og gjenkjenning på tvers av både alder og interesse. Tønes er såleis eit godt dialektføredøme for både store og små, seier Sture.

Frank 'Tønes' Tønnesen har ikkje vanskar med å leita fram eit passande ord for dei gode kritikkane han har fått for albumet 'Sån av Salve'.

VIDEO: Tønes fikk gode kritikker etter Såv av Salve.

Delt ut i 12 år

Dialektprisen blei oppretta i 2001, og blir delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som blir vedteken av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge.

Dialektprisen 2013 blir overrekt klokka 13 i dag i kjellarfoajeen ved inngangen til scene 2 på Det Norske Teatret. Utdelinga er open for alle, og det blir høve til fotografering og spørsmål.

Norsk Målungdom deler ut Dialektprisen kvar haust. Prisen går til offentlege personar, som gjennom stødig og sjølvsikker dialektbruk framstår som gode språklege føredøme for ungdom. Dialektprisen har vorte delt ut sidan 2001, og har etter kvart etablert seg som ein av dei tyngste og mest prestisjefylte språkprisane i Noreg.

Tidlegare vinnarar av Dialektprisen:

2012: Harald Rønneberg, programleiar

2011: Therese Johaug, skiløpar

2010: Lars Vaular, artist

2009: Eli Kari Gjengedal, vêrmeldar

2008: Linda Eide, morokvinne på fjernsyn

2007: Ingrid Bolsø Berdal, skodespelar

2006: Hopalong Knut, rockgruppe

2005: Are og Odin, moromenn på radio

2004: Ravi, artist, Vestfold

2003: Filmen United v/Magnus Martens, regissør

2001: Tungtvann, hiphopgruppe