Byggefelta i Eigersund kommune er nå fullt utbygde. Det gjer det umuleg å få kjøpt nye tomter for folk som vil bygga hus i kommunen.
- Dette går også ut over byggebransjen. Frustrasjonen er stor blant byggmeistrane, seier Roy Hammer, leiar i byggleverandørfirmaet Byggvell i Egersund.
Les også:
Byggefeltet det ikkje blei noko av
Politikarane i Eigersund håpa at eit nytt byggefelt på Hestneshalvøya skulle setja fart i utbygginga. Men kommunen makta aldri å koma i gong med feltet på litt over 300 tomter.
Roy Hammer, leiar i Byggvell i Egersund.
Foto: Øystein Ellingsen- Når me ikkje klarer dette, må me kopla på andre gode krefter. Derfor vil me ha på plass eit utbyggingsselskap, seier varaordførar Solveig Ege Tengesdal.
Les også:
Håpar på nabo-hjelp
Varaordføraren håpar hjelp frå nabokommunane kan setja fart i byggebransjen igjen.
- Me har kjent på presset. Me må kunna tilby noko når me inviterer folk til å busetja seg i kommunen. I løpet av eit år har eg tru på at feltet på Hestnes er på plass.
- Snart fullstendig stopp
Og dersom det ikkje snart blir fleire tomter å oppdriva i Eigersund, kan det bety bom stopp for byggebransjen.
- Allereie nå stoppar det opp både for entreprenørar og byggmeistarar. Mykje tyder på at det blir fullstendig stopp om kort tid, seier Hammer i Byggvell.