NRK Meny
Normal

Tomt for euro før Hellas-avgang

– Me har rett og slett blitt tekne på senga av Hellas-effekten, seier Thor-Christian Haugland i SR-Bank.

Tomt for Euro på Sola

Pågangen på euro har vore stor på Stavanger lufthamn Sola. Allereie flyet til Hellas i dag tidleg var begge minibankane tomme.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Karl Kverneland

Karl Kverneland var siste mann til å setja seg på morgonflyet til Hellas måndag morgon. Han er ikkje spesielt uroleg med tanke på den økonomiske situasjonen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Berre sidan fredag kveld har det blitt teke ut for to millionar kroner i euro i minibankane på Stavanger lufthamn Sola, seier Thor-Christian Haugland, som er konserndirektør for kommunikasjon, Sparebank 1 SR-Bank.

I dag kom meldinga om at bankane i Hellas blir stengt i seks arbeidsdagar frå måndag. Samstundes som minibankane blir stengde ein dag.

Thor-Christian Haugland

Thor-Christian Haugland er konserndirektør for kommunikasjon, Sparebank 1 SR-Bank. Han beklagar at dei ikkje tok høgde for det enorme euro-uttaket.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Den økonomiske situasjonen på den ynda feriedestinasjonen har gjort at Utanriksdepartementet har kome med reiseråd til nordmenn som legg sommarferien sin her. Eit av råda er at folk bør ta med seg euro, for det kan bli umogleg å ta ut kontantar i Hellas.

– Dårleg service

Klokka 06.20 i dag gjekk dagens første chartertur til Hellas frå Stavanger lufthamn Sola. Då var allereie minibankane tømde for euro.

Tomt for euro

Denne lappen møter folk som vil ta ut euro på Stavanger lufthamn Sola i dag.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Eg har heldigvis teke ut det eg skulle ha på fredag. Det er likevel dårleg service at begge minibankane er tomme for euro, seier Karl Kverneland, som reiser til det kriseråka landet for ellevte året på rad.

Sparebank SR-Bank legg seg flate.

– Det er berre å innrømma at me har blitt tekne på senga av Hellas-effekten. Det har blitt teke ut enormt mykje pengar i helga, langt meir enn det me hadde rekna med, seier Haugland.

Han legg til at dei nå jobbar med å få orden på situasjonen. Neste Hellas-fly går ved middagstider.

– Me har pengar på veg ut nå, og til dei som ikkje har fått teke ut euro er det berre å beklaga, seier han.

Klokka 08.50 melder Sparebank 1 SR-Bank at minibankane på ny er fylde opp med euro.

Trur folk skal greia seg

Karl Kverneland trur kontantproblemet i realiteten ikkje vil vera eit veldig stort problem der nede, i alle fall ikkje for seg sjølv.

– Eg skal nok klare meg same kor gale det blir. Eg har reist til same plass i elleve år nå så eg kjenner jo folka der borte. Skulle alt gå gale så kjenner eg hotellvertane personleg og kan ordna opp når eg har kome heim, seier han.

Han trur det er viktig at nordmenn ikkje sluttar å reisa til Hellas nå.

– Den lokale grekar kan risikera sparepengane, derfor meiner eg er bra at me reiser ned å brukar pengar. Så får me håpe det går bra.