Hopp til innhold

– Eg lar ikkje sjansen til eliteseriespel gå frå meg

Sandnes Ulf har forsterka stallen sin med angrepsspelar Tommy Høiland. Den omstridde spelaren avviser at Sandnes har signert ei urokråke.

Tommy Høiland

For andre gong forlet Tommy Høiland Bryne FK til fordel for ein lokal rival. Nå er han klar for eliteseriespel med Sandnes Ulf.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Det er eit år sidan Tommy Høiland kom tilbake til Bryne frå erkerivalen Viking, nå går han endå ein gong til ein lokal rival. Likevel er han ikkje uroleg for korleis Bryne-supporterane vil reagera.

– Dei får reagera slik dei vil, det kan ikkje eg bry meg om. Eg står for dei avgjerslene eg har gjort, seier Tommy Høiland til NRK.no.

Han seier at han i mars i fjor gjorde det klart for Bryne at om sjansen til eliteseriespel ein dag kom, ville han forlata klubben.

Går ikkje direkte inn i laget

Og nå kom sjansen. Høiland var ikkje i tvil etter å ha snakka med Sandnes-trenar Asle Andersen.

– Etter å ha sett kva Sandnes Ulf har fått til det siste året verkar det som om dei er på god veg oppover, noko eg gjerne blir med på, seier Høiland.

Brynebuen presiserer at han vil bli ein utfordrar, og ikkje ein som går rett inn i laget:

– Dette er ei utfordring eg er villig til å ta. Nå skal eg først koma meg inn i spelargruppa og bli kjent med dei, så får me sjå kva som skjer.

Tommy Høiland

For eit år sidan gjorde Tommy Høiland comeback for Bryne FK, etter eit opphald i Viking. Her saman med det som då var dagleg leiar i Bryne, Tore Haugvaldstad.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Sandnes kan ha fått auga opp etter medieoppslag

Det er ikkje lenge sidan Jærbladet skreiv at Tommy Høiland hamna i trøbbel med leiinga i Bryne etter ei utblåsing på treningsfeltet.

Høiland avviser blankt at det er ein direkte samanheng mellom denne episoden og overgangen til Sandnes Ulf:

– Det er ei sak som har blitt blåst opp i media. Hadde det skjedd andre enn meg, så hadde det ikkje blitt skrive om. Eg ser likevel ikkje vekk ifrå at dette kan ha gjort at Sandnes Ulf fekk auga opp for meg, og tenkte at Bryne var villige til å la meg gå.

Dette er ikkje første gong Høiland er i rampelyset på grunn av bråk, spelaren sjøl meiner likevel at Sandnes ikkje har signert ei urokråke.

– Eg har alltid blitt framstilt slik som dette i media. Så lenge dei som kjenner meg best veit korleis eg er, så er det viktigast for meg. Kva alle andre tenker har eg lært meg og ikkje bry meg om, seier Høiland, som ser fram til å halda fram fotballkarrieren si i det ferske eliteserielaget i nabobyen Sandnes.