NRK Meny
Normal

Tømmerstokkar kan forlenga oljealderen

Ein ny treplugg-teknologi utvikla i Stavanger, kan bidra til å henta opp meir olje frå oljefelt.

Tømmerstokker

Tømmerstokkar kan bli brukt ute på norske oljefelt i framtida.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Første gong ein borer ein brønn så kjem olja opp automatisk grunna høgt trykk nede i grunnen. Men etter at ein har produsert ei stund, så minkar trykket og då treng ein hjelpemiddel for å få opp meir olje, seier Siw Bjørkås, prosjektleiar i stavangerfirmaet Goe-ip.

Firmaet har utvikla nettopp eit slikt hjelpemiddel – i tre.

Siw Bjørkås

Siw Bjørkås er prosjektleiar i firmaet Goe-ip.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Trepluggen som firmaet har designa kan sprøytast inn med vatn i oljebrønnar. Pluggen tettar igjen og aukar trykket. Ein trur at denne typen teknologi kan bidra til auka produksjon på opp mot tolv prosent av opprinneleg oljemengde i reservoaret, samanlikna med dagens metode som berre er basert på trykk frå vatn. Kor stor auken blir, kjem an på kvar einskild reservoar.

– På den måten vil reservoaret auka si levetid. Og det er veldig bra, seier Bjørkås.

Stor interesse frå utlandet

Det var stor internasjonal interesse for treplugg-teknologien på oljemessa, ONS, i august.

Nå har stavangerfirmaet Goe-ip tatt imot forslag til intensjonsavtalar frå blant andre nasjonale oljeselskap i Ukraina og Iran om bruk av teknologien. Goe-ip har eit pågåande forskings- og utviklingsprosjekt med store internasjonale oljeselskap. Det er ikkje tatt stilling til vidareføring av prosjektet.

Om prosjektet skal videreførast, trengst mykje skog.

– Ut ifrå veldig grove estimat, og viss me får for eksempel 40 prosent av verdsmarknaden, så viser berekningar at me har behov for om lag halvparten av dagens skogproduksjon i Norge. Det er enorme mengder, seier Bjørkås.

Kan skapa fleire hundre arbeidsplassar

Målet er å produsera dei tre ulike komponentane som skal til for å laga trepluggane, i Norge.

Då trengst det eit produksjonsanlegg som kan bli lagt til Rogaland. Til saman kan den nye teknologien skapa mellom 600–800 arbeidsplassar.

Saksordførar for skogbruksmeldinga som er under behandling i Stortinget, Line Henriette Hjemdal frå KrF, tar i bruk store ord om nyskapinga.

– Dette er ein revolusjon. Me tek tømmerstokken inn på ein heilt ny marknad. Det fortel berre at tømmerstokken ikkje har nokre avgrensingar, den har berre moglegheitene framføre seg. Og den skal me bruka meir av i Norge.

Vil gjera næringa lysegrøn

Skogbruksnæringa ønsker at skog og tre skal vera ein viktig del av det grøne skifte her til lands.

Bidrar dei så til dette skifte ved å gjera det lettare å pumpa opp meir olje frå havbotnet? Prosjektleiaren i Goe-ip er i alle fall klar på at teknologien er grøn.

– Goe sin teknologi bidreg til å auke levetida på dei eksisterande reservoara i staden for å måtte bore nye brønnar. Det er veldig miljøbesparande. I tillegg er det ein grøn teknologi, det vil seia at me hjelper til med å auke oljeproduksjonen, men me gjer det på ein grøn måte. Så vårt mål er å gjera denne bransjen litt meir lysegrøn enn det den er i dag.