Hopp til innhold

Tomannsbustad brann ned i Skudeneshavn

Fire personar måtte evakuerast frå ein brann i ein vertikaldelt tomannsbustad i Skudeneshavn i Karmøy i natt. Huset er totalskadd.

Brann i vertikaldelt tomannsbolig i Skudeneshavn

Den brannskadde tomannsbustaden i Skudeneshavn.

Foto: Kjell Nymark

Då brannvesenet kom fram i totida, natt til søndag, var den eine bueininga alt overtent.

Det var 2 menn i 30 og 50-års alderen til stades i den delen der brannen truleg braut ut. Dei blei frakta til Haugesund sjukehus fordi dei hadde pusta inn røyk.

Mannen i 50-åra hadde også ein mindre brannskade.

To andre måtte også evakuerast

Frå den andre delen av tomannsbustaden, blei to kvinner på 60 og 40 år evakuerte. Dei var ikkje kome til skade.

Ei kvinne som ikkje budde i huset, men som kom til staden då ho oppdaga brannen, måtte ha tilsyn av lege fordi ho hadde pusta inn røyk.

Fare for spreiing

Brannvesenet sette i gong evakuering av to personar frå eit nabohus, fordi dei frykta at brannen kunne spreie seg. Huset blei kjølt ned med vatn frå brannbilane, og det tok ikkje fyr.

Les også: Våknet av røykvarsleren, kom seg ut

Vakthald på staden

Krimteknikarar undersøkjer truleg først bustaden på måndag.

Begge bueiningane i den vertikaldelte tomannsbustaden har store brannskadar og kriminalteknikarar vil undersøke brannårsaka på måndag.

I mellomtida er huset avstengt og det er vakthald på plassen.

Politiet heldt søndag føremiddag på med avhøyr av dei to mennene, for å finne ut korleis brannen starta.

Les også: Utset saka om brannvesensamarbeid