Hopp til innhold

Rogaland godt representert under årets Spellemann

Heile tolv artistar frå Rogaland er nominerte til årets Spellemannpris. Susanne Sundfør kan stikka av med tre prisar.

Susanne Sundfør

Susanne Sundfør, her under Øyafestivalen i Oslo, er nominert i tre ulike klassar under årets Spellemannprisutdeling.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Susanne Sundfør er nominert til årets kvinnelege artist, tekstforfattar og populærkomponist.

Dermed kan ho stikka av med heile tre prisar når showet brakar laus den 5. mars. Og Sundfør frå Haugesund vil langt ifrå vera den einaste artisten frå Rogaland som er til stades under utdelinga.

Heile tolv artistar frå Rogaland er nemleg nominerte til fjorten prisar, utanom Sundfør er desse nominerte frå Rogaland:

  • Thomas Dybdahl
  • I was a king
  • Kvelertak
  • Jan Toft
  • Vamp
  • Nils Asheim
  • Lindstrøm&Christabelle
  • Slåttebrekk
  • Leif Ove Andsnes
  • Serea Maneesh
  • Erik Slim Zahl & the South West Swingers

For å få full oversikt over dei nominerte her.