Hopp til innhold

– Ekteskapet er for mann og kvinne

Leiaren for Rogaland Kristeleg Folkeparti, Olaug Bollestad, avviser at dei er på gli om homoekteskap. Ho tolkar programforslaget annleis.

Olaug Bollestad

Olaug Bollestad er leiar i Rogaland KrF og ordførar i kommunen Gjesdal.

Foto: Erik Waage / NRK

I dag skriv VG at KrF er på gli i spørsmålet om homofilt ekteskap.

Ifølgje Dagrun Eriksen, som er leiar i programkomiteen, ønskjer dei å tryggja to vaksne menneske sin moglegheit til å regulera sitt liv juridisk.

– Ekteskap er for mann og kvinne

Dette tolkar ikkje KrF-leiarar i Rogaland, Olaug Bollestad, som om partiet opnar opp for homofilt ekteskap.

– Ekteskapsomgrepet er framleis eit omgrep for mann og kvinne. Det er klinkande klart for meg, og for fleirtalet i KrF vil eg tru, seier ho til NRK.no.

Ho seier at ho nå vil setja seg meir inn i saka, men meiner at programkomiteen sitt forslag om å tryggja juridiske rammer til homofile i samliv, ikkje plent bryt med meiningane hennar.

– Me må stikka fingeren i jorda å sjå kva samfunn me lever i, og det er klart at dei som lever saman i homofilt samliv må ha ei god ramme. Men det er ikkje eit ekteskap, seier Bollestad.

– Ingenting er avgjort

Rogalandsleiaren understrekar også at dette er eit forslag som nå går ut til lokallaga, og at dei så skal bli tatt med til landsmøte.

– Nokon vil nok lesa dette forslaget på ein annan måte enn meg, og derfor må me nå ha ein debatt om ordlyden. Men det er ein prosess som me nå skal ha, seier ho.

Slik Bollestad les forslaget om endring i ekteskapslova, som om det ikkje er ei endring i politikken til KrF.

– Me meiner framleis at eit barn har rett til mor og far, og at ekteskap derfor er noko som bør gjelda mann og kvinne.

Samd med Bollestad

Klokka 11 sende Dagrunn Eriksen ut ei pressemelding, der ho gjer uttrykk for å vera samd med Bollestad.

– Ekteskapsomgrepet skal etter KrF si meining gjelda ekteskap mellom ein mann og ei kvinne. Forslaget frå KrF sin programkomité inneber derfor ikkje ei endring av KrF sin politikk på dette punktet, Men homofile skal ha rett til juridiske rammer rundt sitt samliv. Det er heller ikkje ny politikk frå KrF, skriv Dagrun Eriksen, i pressemeldinga.

Ho legg ved det faktiske forslaget frå programkomitèen:

«KrF vil utrede en ordning der samliv mellom to voksne mennesker reguleres i en samlivslov og sikre trossamfunnenes rett til selv å definere ekteskapet og hvem de ønsker å vie..»

Eriksen legg til at ho ser fram til ei konstruktiv drøfting av forslaget.

Flere nyheter fra Rogaland