Hopp til innhold

Tok pengar frå Ap-kasse

Leiar for bystyregruppa i Stavanger Arbeidarparti, Cecilie Bjelland, er uroleg for den økonomiske styringa i partiet. Dette etter ho blei kjent med at ein tidlegare partisekretær har tatt ut store beløp frå bystyregruppas kasse.

Cecilie Bjelland i samtale med NRK-reporter Øystein Ellingsen

Cecilie Bjelland har sendt brev til Arbeidarpartiet sitt styre, med kopi til fylkeslaget og til partisekretær Raymond Johansen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ifølgje Stavanger Aftenblad har tidlegare partisekretær i Stavanger Ap, Pål Ove Hopsdal, tatt ut 285.000 kroner av bystyregruppa sin kasse før han i sommar slutta.

I eit brev til leiinga i partiet skreiv gruppeleiar Cecilie Bjelland denne veka at ho blei kjent med uttaket i mai i år, og at ho er uroleg for partiet sin økonomi, som følgje av manglande og dårleg rapportering av rekneskap.

«Jeg er ikke kjent med at regnskap for 2010 er fremlagt for medlemsmøte. Etter gjentatte oppfordringer fra flere av styrets medlemmer, også undertegnede, ble dette oversendt i en melding fra styreleder den 15. november 2011», skriv Bjelland i brevet ifølgje avisa.

Det meste tilbakebetalt

Pål Ove Hopsal skal ha tatt ut pengar over lengre tid og på det meste var beløpet han skylda partiet 285.000 kroner. Dette var i 2010.

Ved utgangen av året skal det meste ha blitt betalt tilbake, men han hadde framleis 44.000 uteståande med bystyregruppa.

I sommar slutta Hopsal i Stavanger Ap etter ei sjukemelding. Leiar i partiet, Ståle Johan Knutsen vil ikkje kommentera om desse er tilbakebetalte:

– Dette er ei personalsak, og det er vanskeleg for m eg å uttala meg om den, seier han til Aftenbladet.

Strid i partiet

Skuldingane om rotete økonomi i Stavanger Ap kjem i ei rekke av saker som vitnar om eit parti som slit innad.

Tidlegare denne veka la politiet vekk ei sak der partikollega til Cecilie Bjelland, Jone Andersen hadde meldt ho til politiet for ærekrenking.

Det siste innslaget i uroa går også til øvste hald. Bjelland har både sett fylkeslaget og partisekretær Raymond Johansen på mottakarlista, i tillegg til Stavanger Ap sitt styre.

Ifølgje Knutsen, som hevdar at den økonomiske situasjonen til partiet er bra, skal heile rekneskapen bli lagt fram for styret komande onsdag, og på medlemsmøte onsdag 14. desember.