Hopp til innhold

Mann tok kvelartak på varaordføraren

Varaordførar og FrP-politikar Pål Morten Borgli blei tatt kvelartak på av ein innbyggjar i Sandnes, som ikkje var nøgd med måten kommunen behandla han på.

Pål Morten Borgli

Varaordførar og FrP-politikar i Sandnes, blei fysisk angripen i ein restaurant på nasjonaldagen

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Det skjedde på ein restaurant i Sandnes på nasjonaldagen for nokre år sidan. FrP-politikar og varaordførar Pål Morten Borgli var på veg til toalettet, då ein mann gjekk til angrep på han.

– Han blei aggressive, tok kvelartak og trykka meg opp i ein vegg, fortel Borgli.

Mannen var i ein svært vanskeleg situasjon og truleg også påverka av alkohol. Han gav uttrykk for at han ikkje fekk den hjelpa han trengde frå kommunen.

– Eg var jo kjent med at han var i ubalanse og kunne vera litt ustabile. Så det er klart at eg tok det alvorleg, seier Borgli.

Ein av fem blir trua

NRK har sendt mail til 50 av dei mest sentrale politikarane i Rogaland, med spørsmål om dei har blitt drapstrua.

41 av politikarane har svart, og av dei har kvar femte fått drapstruslar.

I dei tilfella der personen som står bak truslane er kjent, så går det igjen at vedkommande er i ein psykisk ustabil situasjon.

Borgli tok kontakt med angriparen nokre dagar seinare. Han rekna med at mannen hadde endra meining etter å ha blitt edru og etter å ha tenkt gjennom det han hadde gjort. Men det skjedde ikkje.

– Nei, han gjentok tvertimot trusselen. Og då tenkte eg at det fekk vera nok og gjekk til politiet, seier Borgli.

Innførte tryggingstiltak

Han vedgår at han kikka seg litt ekstra rundt når han gjekk frå garasjen på kvelden.

Pål Morten Borgli

Sandnes kommune innførte tryggingstiltak på rådhuset, etter angrepet på Pål Morten Borgli.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Det var ikkje slik at me blei redde, men me var litt forsiktige med kven som opna døra heime, då det ringde på dei neste dagane, fortel Borgli.

I tillegg innførte Sandnes kommune nokre tryggingstiltak i rådhuset, slik at ikkje kven som helst kunne koma umeldt inn på kontoret til Borgli.

Prisen å betala

NRK si undersøking viser at det som regel er personar i psykisk ubalanse som står bak drapstruslar mot politikarar.

Borgli seier at dette er prisen å betala, dersom du er politikar som gir beskjed om kva du meiner i omstridde saker.

– Eg trur det er mange frustrerte menneske der ute som har vanskelege dagar. Då er det gjerne oss, som er synlege, som blir utsette for det. Og det må me nok leva med, seier Borgli.