NRK Meny
Normal

Tok gull i Gyldne Måltidsøyeblikk

– Det er ein verdig vinnar me kårar her i dag.

Sjukeheim vann mat-konkurranse

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa med diplom til kjøkensjefen på Blidensol, Valgerd Irgens Antonsen.

Matlukta breier seg i sjukeheimslufta, og borda er dekka med kvite dukar. På Blidensol sjukeheim i Stavanger får bebuarane den beste matopplevinga i Rogaland.

Nå skal dei kvessa bestikket og kniva med vinnarar frå resten av landet.

Viste fram mat

– Me har sett på både atmosfære, bordekning og ikkje minst anretning på tallerken – om denne er innbydande og appetittvekkande. Der meiner me Blidensol er i særklasse. I tillegg har dei godt næringsinnhald i det dei serverer, seier fylkesmann og jurymedlem Magnhild Meltveit Kleppa.

Matkonkurransen Gylne Måltidsøyeblikk er eit initiativ frå Landbruk- og matdepartementet. 16 alders- og sjukehjemar og storkjøken i Rogaland har delteke i konkurransen, der dei har laga og vist fram dagens mat- og måltidsløysningar i eldreomsorga.

Under fredagens finale var jurymedlemmane Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann og Tommy Raanti frå Gastronomisk Institutt på besøk hos finalistane.

Pasientane viktigast

– Eg er veldig stolt for at me kom så langt, og for at eg har ein kjempegod gjeng med meg. eg har verdas beste personal og dette er lagarbeid. Eg kunne ikkje ha klart det utan dei, seier kjøkkensjef Valgerd Irgens Antonsen.

Ho har arbeidd på kjøkkenet i 29 år, og meiner sigeren er eit absolutt høgdepunkt i tida hennar bak grytene.

Men utmerkinga kom ikkje utan omtanke og innsats, fortel ho.

Blidensol

Kvite dukar og fin borddekning var berre noko av det som landa sigeren for sjukeheimen.

Foto: Erik Sergio Auklend / NRK

– Me har stort fokus på at det skal sjå fint ut på tallerken, og me lagar god mat som me ville ha ete sjølv. Pasientane våre er det viktigaste for oss, og dette er heimen deira.

Delt andreplass

– Det har vore krevjande å sitja i juryen, for det har vore mange gode bidrag, men det var også veldig kjekt å sjå at juryen blei fort einige om at Blidensol måtte vinna, seier Meltveit Kleppa.

Andreplass var ikkje like lett å kåra, avslører ho. Tre institusjonar måtte dela på utmerkinga, og Bukollektivet i Time, Tasta sjukeheim, og Suldal sjukeheim hamna alle på delt annanplass.

Trur på plassering i toppen

Konkurransen har som mål å setja fokus på gode måltidsopplevingar for bebuarar på sjuke- og aldersinstitusjonar og i heimetenesta, samt betydninga av mat for helse og velvære.

I desember går den nasjonale finalen, og Kleppa har stor tru på at Rogaland kan hevda seg i toppen.

– Med den bakgrunnen me har som matfylket Rogaland og den innsatsen som Blidensol viser så har dei absolutt gode sjansar vidare.