Tog krasja med tre

Sørtoget frå Oslo til Stavanger krasja i natt i eit tre, som hadde falt over linja ved Saggrenda vest for Kongsberg. Uhellet skjedde i 2-tida i natt, og toget blei ståande heilt til klokka ni tysdag morgon.

Ifølgje pressetalsmann i Go Ahead, Dag Brekkan, blei alle vakne passasjerar informerte om uhellet. Både toget og linja måtte reparerast. Toget vil koma inn til Stavanger om lag ni timar forseinka.