Hopp til innhold

– Har ikkje sett på Breivik ein einaste gong i retten

Det har vore ein tøff dag i retten for foreldra til Utøya-offer Marianne Sandvik frå Stavanger. Far Gaute Sandvik orka ikkje sjå på tiltalte ein einaste gong i dag.

Video Gaute Sandvik

Foreldra til Marianne Sandvik fortel om ein tøff dag i Oslo tingrett.

– For meg og kona har tiltalte vore ikkje-eksisterande i dag, seier Gaute Sandvik til NRK.

Verken han eller kona orka å festa blikket på tiltalte Anders Behring Breivik i rettssal 250.

Onsdag har retten i Oslo gått gjennom obduksjonsrapportane til nokre av dei yngste drapsopfra på Utøya 22. juli.

– Både tøft og fint

Åtte av dei tolv ofra som blei nemnd i retten var under 18 år då dei blei skotne og drepne. Gjennomgangen starta med Sondre Furseth Dale (17) frå Haugesund.

Seinare følgde Marianne Sandvik frå Stavanger. Ho blei berre 16 år gammal.

– Det har vore spesielt å få lagt fram det som skjedde med Marianne i retten. Det har vore tøft og fint på same tida, seier Gaute Sandvik.

Marianne Sandvik hadde berre vore medlem i AUF i eit halvt år då livet brått tok slutt. Sommarleiren på Utøya i fjor var hennar aller første.

Bistadsadvokten til familien fortale i retten om ei livsglad jente som viste omsorg for menneska rundt seg. Ho hadde nettopp fullført ungdomsskulen og gledde seg til å ta til på vidaregåande.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Marianne Sandvik

Marianne Sandvik blei berre 16 år. Den 22. juli blei ho drepen på Utøya.

Foto: Scanpix/Privat

Minneord om kvart offer

Det som er annleis i denne straffesaka samanlikna med andre, er at minneord blir lesne opp etter kvart offer. Det set far Gaute pris på.

– Me veit det ikkje er vanleg. Likevel er det veldig fint for oss å fokusera på dei døde på denne måten.

– Kva synst du om at de er mange etterlatne i same situasjon i retten på same tid?

– Det er godt at me er fleire i same situasjon. Me kan trøysta kvarandre og gi kvarandre klemmar. Det er berre ein styrke, seier han.