To ulukker ved Hafrsfjord bru

Klokka 06 fekk politiet melding om at ei kvinne (19) hadde køyrd ned ein stolpe og eit skilt på Stavanger-sida av brua. Politiet trur ho har drukke. Klokka 07.15 trefte ein bil med to personar autovernet på Sola-sida. Den eine er brakt til sjukehus.