NRK Meny
Normal

Påkøyrt då ho snakka i mobilen

Ei kvinne blei påkøyrt i Egersund, natt til søndag. Ho snakka i mobilen då ho blei treft av ein personbil.

Mobiltelefon truffet

Knust mobiltelefon. Arkivbilde

Foto: Reuters

Den 26 år gamle kvinna var i ferd med å gå over vegen, då ein personbil køyrde inn i ho. Ulukka skjedde i halv tretida i natt og fotgjengaren snakka i ein mobiltelefon på ulukkestidspunktet, skriv politiet på Twitter.

Kvinna vart ikkje alvorleg skadd.

Bil i fjellveggen

Rett før midnatt, køyrde tre personar i ein bil inn ein fjellvegg. Dette skjedde i Sokndal kommune. Alle dei tre blei skadde, men ifølge politiet var ikkje skadane alvorlege.