Hopp til innhold

To søstre mista mennene sine

Dei to mennene, som blei påkøyrde og omkom på Bjergøy i natt, var gift med kvar si søster frå øya. – Heile lokalsamfunnet er sterkt prega, seier Finnøy-ordføraren Gro Skartveit.

To menn, som gjekk i vegkanten, blei køyrd ned og drepne på Bjergøy i Ryfylke i natt. Bilføraren har vedgått at han kjøyrde i alkoholpåvirka tilstand.

SJÅ TV-SAK: To menn, som gjekk i vegkanten, blei køyrd ned og drepne på Bjergøy i Ryfylke i natt. Bilføraren har vedgått at han køyrde i alkoholpåverka tilstand. (Foto: Kirsti Wilhelmsen)

Fridtjov Furre

Fridtjov Furre er festivalsjef for Fiskefestivalen og eigar av Sjernarøy Maritim, der festivalen blir arrangert.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK
Minnestund på Sjernarøy skule

Klokka 12.30 var det minnestund på Sjernarøy skule.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Alle er prega av det som har skjedd. Det har vore heilt stille her i dag, og det einaste folk snakkar om er det som skjedde, seier Fridtjov Furre, han er sjef for Fiskefestivalen som blei heldt på Bjergøy i Ryfylke i går.

Festivalen fekk ein dramatisk ende då to av gjestane som skulle gå heim til fots blei påkøyrde og drepne natt til sundag. Føraren av bilen hadde promille, og har vedkjent at han køyrde på dei to mennene.

– Dette er berre tragisk

Fridtjov Furre fortel at Bjergøy, som er ein del av Sjernarøyane, er eit lite samfunn der alle kjenner alle.

Dei to mennene i 30-åra, som blei påkøyrde, var begge frå Stavanger, men var gifte med kvar si søster frå lokalområdet.

– Eg kjenner dei svært godt. Eg kjenner heile familien til dei to søstrene som har mista mennene sine, og eg kjenner mennene. Dette er berre tragisk, seier den triste festivalsjefen.

Sundag skulle vera nok ein festdag med sirkus som hadde kome ut til øya, blei heller ein dag der kommunen har opna dørene for sørgjande.

Minnestund

Finnøy kommune oppretta krisestab etter ulukka. Og dei hadde ei minnestund på Sjernarøy skule. Her var mellom anna presten, kommunelege, lensmannen og ordførar Gro Skartveit.

– Når tragedien først skjer er viktig at me opnar dørene. Det vil også bli lystenning i kyrkja i ettermiddag, seier Skartveit.

Hennar tankar går først og fremst til dei nærmaste pårørande av dei døde, men slår fast at ulukka pregar alle.

– Som eit lite lokalsamfunn er det klart at dette gjer inntrykk på alle. Alle blir involverte, seier ho.

Ber om varetekt

Det var ein latvisk statsborgar som køyrde ned dei to mennene.

24-åringen var på eit kortvarig feriebesøk på øya og vedgjekk i avhøyr i går å ha køyrd i alkoholpåverka tilstand.

Politiet krev truleg at han blir varetektsfengsla på måndag.

Sjå video:

Stig Holgersen var augevitne til ulukka, og ein av dei første som kom til staden.

Stig Holgersen var ein av dei første som kom til etter ulukka på Bjergøy.