To skular på gult nivå i Stavanger

I dag er det bestemt at både St. Svithun og St. Olav vidaregåande skule i Stavanger går over på gult nivå, og at dei skal starta med sjølvtesting. Grunnen er smittesituasjonen ved dei vidaregåande skulane. Over 50 elevar har testa positivt på 14 skular etter skulestart. Skulane skal vera på gult nivå med sjølvtest så lenge det er positive prøvar.