Hopp til innhold

– To menn frå Rogaland er involvert i «Dark Room»-saka

To av dei sikta i den store overgrepssaka «Operasjon Dark Room» er rogalendingar. Sør-Vest politidistrikt skal både etterforska desse og to andre saker.

Politihuset i Stavanger

STAVANGER POLITIHUS: Sør-Vest politidistrikt skal etterforska fire av sakene frå «Operasjon Dark Room».

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er to menn frå Rogaland. Den første saka fekk me opplysningar om allereie i mars, seier påtaleleiar i Rogaland, Kristin Nord-Varhaug, ved Sør-Vest politidistrikt.

Politiet gjorde ransaking hos denne mannen, og han er nå sikta for nedlasting av overgrepsmateriale. Han sonar for tida ein annan dom på tre år for eit liknande forhold. Han har framleis ikkje vore inne til avhøyr.

Kristin Nord-Varhaug

Påtaleleder Kristin Nord-Varhaug

Foto: Ole Andreas Bø

Like før helga blei dei kontakta av Aust politidistrikt om ein annan mann i same sakskompleks. Denne mannen kjem også frå Rogaland.

Skal etterforska fire saker

Det var i helga det kom fram at politiet har sikta meir enn 51 personar i ei svært omfattande pedofilisak, som blir kalla operasjon «Dark Room». Dei fleste personane som er sikta høyrer til i Vest politidistrikt, men dei har sendt enkelte saker til andre politidistrikt.

Sør-Vest politidistrikt skal etter det NRK kjenner til etterforska fire saker. Dette er saka om dei to mennene frå Rogaland, ein mann i 40-åra frå Sunnhordland og politimannen frå Hordaland, som er sendt til Stavanger politihus med omsyn til habilitet.