Der er ei grense for dei som fører båtar under 15 meter, og ei anna og langt høgare grense for dei som fører fartøy over 15 meter.
Torskepilkaren med 0,8 i promille kan nyta sjølivet på lovleg vis. Føraren av lastebåten kan gjera det same med heile 1,5 i promille i blodet.
For nokre år sidan resulterte denne praksisen i kollisjon mellom ein stor lastebåt og Varoddbrua i Kristiansand. Føraren hadde meir enn 1,5 i promille og blei dømt, men hadde han halde seg under hadde ingenting skjedd.