Hopp til innhold

Biljakt i Stavanger i natt: To menn sikta for fridomsrøving

To menn er sikta for fridomsrøving og truslar mot ein mann i natt. Dei prøvde å rømme frå politiet etter ein kontroll.

Krasj ved Rogaland Teater etter biljakt

Her ved Rogaland Teater krasja bilen som stakk av frå politiet i natt.

Foto: Ronny Hjertås

Rett før klokka 3 i natt skulle politiet berre stoppe ein bil for ein tilfeldig kontroll. Men då politiet gjorde seg til kjenne, så stakk bilen av.

– Då blei fleire patruljar kopla inn og me mista visuell kontakt i ein periode, seier politiadvokat i Sør-Vest politidistrikt, Stian Eskeland.

Det var Stavanger Aftenblad som først omtalte saka.

Truga med ein eller fleire gjenstandar

Etter nokre minutt fekk politiet melding om at bilen hadde køyrt inn i ein betongkant rett ved Rogaland Teater i Stavanger sentrum.

– Tre menn var i bilen. Han eine skal ha blitt haldt i bilen mot sin vilje, og blitt truga med ein eller fleire gjenstandar, opplyser Eskeland.

Blodprøve er tatt av dei to sikta, men førebels er det ikkje kome noko svar.

– Det blir oppretta sak på eventuell køyring i påverka tilstand, men det mest alvorlege er fridomsrøving og truslar, seier Eskeland.

Ikkje fysiske skadar

Vidare skal det bli tatt avhøyr av dei to sikta og vitneavhøyr. Politiet gjer òg tekniske undersøkingar, og beslaglegg gjenstandane som skal ha vore brukt til truslar.

Det er ikkje kjent om det er ein relasjon mellom dei to sikta og fornærma, men alle tre skal vere kjenningar av politiet frå før.

Den fornærma skal ha kome frå det heile utan fysiske skadar.