NRK Meny
Normal

To personar omkom i brann på Jørpeland

To personar har omkome i ein eksplosjonsarta brann på Jørpeland.

Dødsbrann Jørpeland

To personar omkom i ein brann i ein leilegheit på Jørpeland onsdag.

Foto: Lars E. Barka

Det var klokka 17.34 i ettermiddag brannvesenet melde om full overtenning i ein leilegheit på Jørpeland.

– Det er ein eksplosjonsarta brann, opplyser Svein Nesse i Brannvesenet Sør-Rogaland.

Leilegheita ligg på Barka, like ved Jørpeland sentrum i Strand kommune.

To omkomne

Onsdag kveld melder politiet at to personar er funne omkomne.

– Det er fem leilegheiter på adressa og totalt bur det ni personar i leilegheitene. Dei andre er det gjort greie for, opplyser operasjonsleiar Geir Gjesdal i Rogaland politidistrikt.

Brannen er sløkt og huset er gjennomsøkt, opplyser politiet.

– Dei to omkomne er ikkje identifisert, og dei pårørande blir truleg ikkje varsla i kveld, opplyser Gjesdal i politiet.

Får hjelp av kriseteam

Strand kommune har nå kalla inn kriseteam til følgja opp dei involverte og pårørande.

– Dette er frykteleg trist. Nå tenker eg først og fremst på dei som har omkome og dei pårørande, seier Helge Steinsvåg, ordførar i Strand kommune.

Kriminalteknikarar har i kveld jobba på staden for å prøva å finna brannårsaka utan resultat.

Dei held fram arbeidet i morgon når det blir lyst.