Hopp til innhold

To personar henta med ambulanse

Ein kollisjon ved Eigerøy i dag tidleg resulterte i at to personar måtte hentast av ambulanse. Dei skal ikkje vera alvorleg skadde.

Trafikkuhell ved Eigerøy bru

Trafikkuhellet skjedde like ved Eigerøy bru i Eigersund kommune.

Foto: Lesarbilete

Den første meldinga politiet fekk inn klokka 06.30 gjekk ut på at tre bilar hadde krasja. Då politiet kom på staden kunne dei slå fast at det var to bilar som hadde krasja ved Eigerøy bru i Eigersund.

To personar blei henta av ambulanse og tekne med til legevakta for sjekk.

– Politiet måtte dirigera trafikken på staden etter uhellet, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Stavanger Victor Jensen.