– Dei ropte så klart på hjelp over naudsambandet, at det var tydleg at båten tok inn vatn fort.
Det seier redningsleiar på Hovudredningssentralen i Sør-Norge, Ben Wikøren.
"Mayday"-ropet fekk andre båtar til å gå mot havaristen og det var ein av dei som plukka dei to opp av sjøen.
– Kor lenge dei hadde vore i bøljene før dei blei redda er me forelopig utsikre på, seier Wikøren.
Tatt med til lands
Folk frå naudetaten venta på dei to ved kaien i Åkrehamn, då bergingsbåten kom inn med dei to mennene. Ein av dei blei tatt med til sjukehuset i Haugesund. Det er ikkje kjent om situasjonen er alvorleg for mannen.
Heller ikkje årsaka til forliset er klar.