Hopp til innhold

Sandnes Øst: Her skal det koma to nye vindmølleparkar

Planane om to nye vindmølleparkar i Sandnes Øst vekkjer reaksjonar. – Me skal vera veldig varsame med naturen, seier varaordførar Pål Morten Borgli (Frp).

To nye vindmølleparker er planlagt i Sandnes Øst.

Vardafjell vindpark skal forsyna 5.000 til 6.000 husstandar med straum.

Måndag var det møte med grunneigarar og andre interesserte om Vardafjell vindpark.

To nye vindmølleparkar er planlagde i Sandnes Øst, ikkje langt frå der det skal byggjast ein heilt ny bydel for 40.000 innbyggarar.

Vardafjell vindpark skal forsyna 5.000 til 6.000 husstandar med straum.

Men ikkje alle let seg begeistra av vindparkar i Sandnes, slik ein har fått på Høg-Jæren.

– Me skal vera veldig varsame me kva me byggjer ut på delar av Sandnes Øst. Her er det eit mangfald av natur me kan vera stolte av, seier varaordførar Borgli.

Leidulf Harbo (Sp) er leiar av Sviland bydelsutval.

– Dette er installasjonar som vil føra til store inngrep og påverka naturen. Dessutan veit me at protestane på Jæren har auka etter vindmøllene som er sett opp der.