Hopp til innhold

Hyttenabo: – Dei tre drakk alkohol saman

To menn, begge 58 år og frå Tyskland, er arrestert i samband med funnet av ein død mann i ei hytte på øya Ombo i Ryfylke. Også den døde budde i Tyskland.

To menn, begge 58 år og frå Tyskland, er arrestert i samband med funnet av ein død mann i ei hytte på øya Ombo i Ryfylke.

VIDEO: Sjå intervju med tyske lngolf Deckwerth, som leiger hytte like ved sidan av hytta kor ein mann blei funnen død søndag.

Mann funnen død ved utleigehytte i Jørstadvågen på Ombo

I Jørstadvågen ligg fleire heilt like utleigehytter like i nærleiken av kvarandre, og mange drar dit for å fiske.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Politiet blei varsla av AMK-sentralen ved Stavanger universitetssjukehus ved 04-tida natt til søndag. Det var helsepersonell på Ombo som vurderte dødsfallet i Jørstadvågen som mistenkeleg.

Søndag morgon blei to menn (begge 58 år) sikta for grov kroppsskade eller medverknad til dette. Mannen som er død, er også i 50-åra.

Alle dei tre involverte er busett i Tyskland.

Funnen «i tilknyting til» ei hytte

Siktinga for «grov kroppsskade eller medverknad til dette» tyder på at politiet meiner mannen var påført alvorlege og truleg dødelege skader, skriv NTB.

– Avdøde blei funnen i tilknyting til ei hytte, seier Ellen Mellemstrand Gimre, jourhavande i Sør-Vest politidistrikt til NRK.

Mann funnen død ved utleigehytte i Jørstadvågen på Ombo – kriminalteknikarar frå politiet

Store delar av søndagen var politiet på Ombo og gjorde tekniske undersøkingar i og utanfor hytta i Jørstadvågen. Natt til søndag blei ein mann funnen død her.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ho vil av omsyn til etterforskinga ikkje seie mykje om kva politiet har funne ut om dei tre mennene. Ikkje kva dei gjorde på Ombo, om dei kjente kvarandre frå før, om det var alkohol eller andre rusmiddel involvert, eller om politiet har funne noko våpen.

I Jørstadvågen ligg fleire heilt like utleigehytter like i nærleiken av kvarandre. Mange drar dit for å fiske.

– Han ramla og slo hovudet

Tyske lngolf Deckwerth er på ferie i Norge, og leiger ein av dei andre hyttene saman med kona si. Han vakna av eit helikopter natt til søndag, og fekk ikkje vite at noko hadde skjedd før om morgonen.

intervju med Ellen Gimre, jourhavende Sør-Vest politidistrikt.

VIDEO: Sjå intervju med Ellen Gimre, jourhavande jurist i Sør-Vest politidistrikt, om det mistenkelege dødsfallet på Ombo.

Deckwert seier dei tre drakk alkohol saman denne natta, men at han ikkje høyrde noko særskild bråk frå den andre hytta. Mannen døde etter eit fall, det var ei ulukke, seier han.

– Eg høyrde at han forlét huset, ramla og slo hovudet, seier han.

Kriminalteknikarar undersøkte hytta

Det er hittil usikkert korleis dei to stiller seg til siktinga. Begge mennene har fått forsvararar.

Store delar av søndagen var politiet på Ombo og gjorde tekniske undersøkingar i og utanfor hytta. Samstundes blei dei to mennene brakt til politihuset i Stavanger, kor dei skulle avhøyrast søndag.

Politiet melde om arrestasjonen 09.45 søndag morgon.

– Me har mange mistenkelege dødsfall, og nokre er det større grunn til å undersøke nærare enn andre, sa operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Sølvi Didriksen Ravndal, til NTB tidlegare søndag.

Jørstadvågen på Ombo i Ryfylke