Normal

Gjekk seg vill i Sirdal – funnen i god behald

Mannen som gjekk seg vill ved Hilleknuten i Sirdal, er no funnen av leitemannskap.

Laster kart, vennligst vent...

Det er sett i gong ein leiteaksjon etter ein mann i 50-åra ved Hilleknuten i Sirdal.

Litt før klokka fire kom meldinga om at det var sett i gong ein leiteaksjon i Sirdal.

Ein mann i 50-åra som var på skitur til Hilleknuten, fekk problem då han blei møtt av tett snødrev i området. Åtte snøscooterpatruljer blei sende ut for å leita etter han.

Leiteaksjonen varte i fleire timar, først litt over klokka åtte kom meldinga om at skiløparen er funnen. Han er i fin form, og blei frakta ned frå fjellet.

Hadde kontakt via telefon

Mannen hadde kontakt med politi og leitemannskap via telefon, og han gav dei informasjon om området han var i.

Mannen er van med å gå i fjellet, han var ikkje skadd, og var heile tida ved godt mot, fortel operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Tor Helge Stavik.

Litt før klokka åtte kunne politiet fortelja at dei følte seg trygge på kvar mannen var.

– Han har fått beskjed om å bli der han her, og halda seg i bevegelse. Han skal vera i fin form, sa Stavik, då.

Leiteaksjon ved Måkevatn

Dette er ein av to leiteaksjonar i Sirdal 2. påskedag.

I 16-tida reiste leitemannskap ut frå Tonstad mot Måkevatn. Ei kvinne i 50-åra gjekk seg vill då ho var på skitur i dette området. Også ho skal ha blitt overraska av tette snøbyer.

Åtte personar var ute og leita etter henne. Politiet hadde kontakt med henne via telefon, og litt over klokka halv seks vart ho funnen.

– Ho blei funnen av ein scooterpatrulje. Ho var ganske kald og nomen på fingrane, men elles i fin form. Ho vil bli frakta ned frå fjellet, seier Stavik.