Hopp til innhold

Voldsom husbrann i Bjerkreim

Dei to som var inne i huset då det tok til å brenne kom seg ut. Då brannvesenet kom fram var huset heilt overtent.

Brann i bustadhus i Bjerkeim

Det var full fyr, men ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til andre hus.

Foto: Frank Terje Evje Risa

Brannvesenet brukte vatn direkte frå Bjerkreimselva for å få kontroll over den voldsomme brannen, men huset stod ikkje til å redde, seier vaktleiar ved Rogaland brann og redning, Stein Arild Egeland.

Brannen vart meldt klokka 02:17 i natt. Det var to personar i huset, men dei hadde kome seg ut då brannvesenet kom til staden, seier Egeland.

Rykte ut frå fleire stader

Då meldinga om brannen kom, rykte brannvesenet ut både frå Egersund og Vikeså. Vaktleiaren fortel likevel om ein relativt kontrollert situasjon. – Vi visste at dei som var i huset hadde kom seg ut, seier Egeland.

Brannvesenet både frå Vikeså og Bjerkreim rykte ut

Brannvesenet både frå Vikeså og Egersund rykte ut til brannen.

Foto: Frank Terje Evje Risa

Kontrollert nedbrenning

Framme ved brannstaden rundt klokka halv tre var det lite anna å gjere for brannvesenet enn å sørge for ei kontrollert nedbrenning. 05:10 rekna brannvesenet brannen som sløkt.

På grunn av varmen kjem brannvesenet til å halde vakt på brannstaden utover formiddagen, seier Egeland.