NRK Meny

TO INNBROT I SAME APOTEK:

I løpet søndag kveld og natt til måndag har uvedkomande brote seg inn på eit apotek på Kilden kjøpesenter i Stavanger to gonger. Første gong vart ei rute knust, men politiet var usikre på om noko vart tatt. Nokre timar seinare, klokka 00.27, gjekk alarmen i den same butikken nok ein gong, no var sikringa brote opp. Politiet etterforskar begge innbrota.