To hotell rana på fire minutt – trua med våpen

Stavanger (NRK): Ein maskert mann med våpen rana to hotell i Stavanger i natt. To menn i 20-åra er arresterte i samband med rana.

Clarion Hotel Energy

Clarion Hotel Energy var eit av hotellet som blei rana. Hotellet ligg like ved Stavanger Oilers sin heimebane DNB Arena.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Dette er litt uvanleg, så det blei nok å gjere, seier operasjonsleiar Dag Steinkopf ved Sør-Vest politidistrikt.

Ved eit hotell i byen hadde ein maskert person forsøkt å true til seg pengar med våpen. Men hotellet hadde ikkje pengar og mannen forsvann. Medan den tilsette var i samtale med politiet om ransforsøket, fekk politiet ei ny, nesten heilt lik, melding om eit nytt ran.

– Me fekk melding om ein mann som var væpna. Han var truande overfor betjeninga. Dette var eit hotell utan kontantar så mannen drog frå staden utan å få med seg noko.

Dei to hotella ligg berre eit par hundre meter unna kvarandre.

Dei to hotella som blei utsett for ran er Clarion Hotel Energy og Scandic Forum på Tjensvoll.

Maskert mann

Den tilsette ved det andre hotellet ringde inn berre fire minutt etterpå. Her hadde den maskerte mannen kome inn med eit handvåpen, oppført seg truande og bede om pengar. Han fekk med seg eit mindre pengebeløp og forlét staden.

Politiet rykte ut med mykje ressursar til området og starta søk.

Scandic Forum Stavanger

Scandic Forum var eit av hotella som blei utsett for ran.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Ei lita stund etterpå trefte politiet ein mann i 20-åra som forsøkte å stikke av. Han vart kontrollert og teken inn i saka. Rolla hans er uavklart fordi han ikkje passa inn i skildringa, men måten han oppførte seg på gjorde at politiet valde å ta han inn.

To menn arrestert

Ein patrulje reiste så heim til ein person som passa til opplysningane politiet hadde fått om gjerningspersonen. Der var det så mykje som stemte av det politiet visste at mannen vart teken og køyrd til arresten.

Han bur også i det same området og er ein person som politiet kjenner til frå før.

Ran som dette har blitt sjeldnare på grunn av at det er mindre kontantar, og to ran med eit så lite mellomrom er i alle fall uvanleg, seier Steinkopf.

Våpen ikkje funne

I løpet av formiddagen er politiet i ferd med å sjekke ut den eine mannen av saka, medan det politiet meiner er pengane frå ranet er funne blant eigedelane til den andre mannen. Men det som dei hotelltilsette har forklart likna på ein pistol, er ikkje funne, seier politiadvokat Anne Mette Dale.

Politiet har funne pengane frå ranet blant eigedelane til mannen i 20-åra som vart arrestert heime, like i nærleiken av hotella. Mannen er kjend for politiet frå før, frå narkotikakriminalitet og vinningsbrotsverk.

Politiet held fram med teknisk og taktisk etterforsking og mannen vert truleg avhøyrd i løpet av dagen, seier Dale.