Hopp til innhold

To gode vener på kanskje siste tur saman

Hesten Brunte har det meste av livet bak seg og begynner å bli litt ustø på beina. Derfor er det kanskje siste gongen han og venen Tor-Inge Bråtveit tar turen til turisthytta Stranddalen i Suldal saman.

To gode turvenner.

Det er flott å sjå. To gode vener traskar nok ein gong stien opp til turisthytta Stranddalen i Suldal. Sjå videoen.

Bråtveit og Brunte

– Du er veldig gilde, seier Tor-Inge Bråtveit om hesten sin Brunte.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Han er nok heilt klar over kva som skal skje. Så han veit nok kor lang turen er og kva han må finne seg i undervegs. Og han kjenner turen, seier Tor-Inge Bråtveit.

Den trolske haustskodda kjem sigande inn over Kjetilstad i Øvre Suldal. To gamle vener legg ut på den siste turen saman dette året – og kanskje den aller siste nokon gong.

Han har vore gilde i alle år.

Tor-Inge Bråtveit

Brunte og Tor-Inge har gått denne turen i nærmare ti år. Nå begynner alderen å synast på hesten, som har blitt meir forsiktig på sine gamle dagar og ikkje lengre så lett på foten.

– Han har vore gilde i alle år, og nå når du liksom byrjar å ana at framtida har han bak seg for godt, så blir det litt spesielt. Det blir det.

Stor og klumpen

Brunte er ein sjeldan kombinasjon som fungerer som kløvhest i vanskeleg terreng. Og med ei last på 100 kilo er det ikkje nok med berre rå muskelkraft.

– Han er ein stor og klumpen hest på mange måtar, så der han ikkje har teknikk må han bruka vettet. Det må vel kanskje alle, forresten, seier Bråtveit.

Artikkelen held fram under bildet.

Tor-Inge Bråtveit og Brunte

Det er flott å sjå. To gode vener traskar nok ein gong stien opp til turisthytta Stranddalen i Suldal. Sjå videoen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Nå går han rundt i staden for over toppen for å koma heilskinna fram med matvarene til turisthytta Stranddalen i Suldal.

Der han ikkje har teknikk, må han bruka vetet. Det må vel kanskje alle.

Tor-Inge Bråtveit

– Nå merkar eg at hesten er annige og vil bort til hytta. Det er ikkje langt igjen og då set han opp farten. Det gjer for så vidt eg også. Hesten ser fram til å få av seg kløvet og eg ser fram til kaffien.

Årets siste last

Litt ustø i siste kneika, men så er Stranddalshytta i sikte. Det er siste turen i år og dei skal levere lasta til Solfrid Moen som gir seg som hytteansvarleg etter denne sesongen.

Artikkelen held fram under bildet.

Stranddalen

Målet for turen: Turisthytta Stranddalen i Suldal.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Og når innhaldet i matkassane blir plasserte i matboren, finn Tor-Inge fram ei overrasking: Ein bukett med blomar.

– Solfrid er Stranddalen. Eg har møtt ho mange gonger, drukke mange kaffikoppar med ho og slarva om både laust og fast. Ho er rett og slett ein trivselsfaktor.

Klarer han ein tur te?

To gode vener er klare for heimvegen. Eit vemodig farvel er over, eit anna står kanskje for tur.

Han byrjar jo å bli gammal, men me får sjå.

Tor-Inge Bråtveit

– Nå treng me ikkje halda taumane lengre for nå skal me heim og han kjenner vegen. Eg trur kanskje han lengtar heim også.

– Klarer han ein ny tur til neste år?

– Han byrjar jo å bli gammal, men me får sjå. Å kvitta seg med ein hest gjer ikkje vondt i pengetaska men det gjer vondt her, seier Bråtveit og peiker på hjartet.