Hopp til innhold

Spreke nittiåringar frå Sauda

Sjå TV-innslaget frå 1991 – der me treff to heilt spesielle brør frå Mollatveit i Sauda. Etter å ha levd i nitti år heldt dei framleis koken med gardsarbeid og husstell.

Sjå TV-innslaget frå 1991 – der me treff to heilt spesielle brør frå Mollatveit i Sauda. Etter å ha levd i nitti år heldt dei framleis koken med gardsarbeid og husstell.

►ROGALAND RETRO: Programmet om Mollatveit-brørne blei sendt nyttårsaftan 1991. Reporter var Einar Haukaas og fotograf var Hallgeir Skretting.

Mange hugsar framleis garden Mollatveit på austsida av Saudafjorden, etter TV-programmet NRK Rogaland laga i 1991. Programmet gir eit sjeldan innblikk i eit liv langt utanom det vanlege. Brørne Jacob og Anders Mollatveit er to gamle brør, som framleis jobbar og er i god form, dei driv garden sin i sitt eige tempo på gamalt vis.

Einar Haukaas, som var reporter i programmet, held det svært høgt.

– For min del er dette det kjekkaste og beste TV-programmet eg laga gjennom mine 40 år i NRK. Dei var utrulege typar å koma i kontakt med. I utgangspunktet var dei reserverte, så eg måtte ha med meg ein kjentmann til å vera døropnar, men då dei opna seg opp var dei ei fryd å jobba med, seier Haukaas, som har gått av med pensjon nå.

Både Anders Mollatveit og Jakob Mollatveit er døde nå.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK