Hopp til innhold

Politiet sjekkar overvakingsvideo etter to brannar på bilopphoggeri

Brannvesenet har i natt sløkt to brannar på bilopphoggeriet Knoksen i Sandnes. Politiet trur brannane var påsette.

Brannvesenet har i natt sløkt to brannar på bilopphoggeriet Knoksen i Sandnes. Politiet trur brannane var påsette.

Første gong brann det i fem bilvrak, andre gong brann det i ein haug med bildekk. Videoen er frå brannen i bildekka. (Foto: Ronny Hjertås)

To gonger i natt måtte brannvesenet rykka ut til bilopphoggeriet Knoksen i Sandnes i Rogaland.

Ifølgje operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Charles Bøgil, kan brannane ha vore påsette, men førebels har dei ingen mistenkte.

Går gjennom video

Bilar i brann på Knoksen

Fem bilvrak gjekk med i den første brannen.

Foto: Ronny Hjertås

– Det er overvakingskamera der ute som me nå skal gå gjennom, fortel Bøgild til NRK.

Den første meldinga om brann kom inn klokka 00:50. Då var det fem bilvrak som stod i brann. Brannvesenet rykka ut og fekk kontroll på brannen.

– Me vurderte evakuering på grunn av røykutviklinga, men fann ut at det ikkje var behov for det på grunn av lite vind, fortel Bøgil.

Ny brann same stad

Klokka 03.36, då politi og brannvesen hadde reist frå hoggeriet, kom det inn melding om ein ny brann. Denne gongen var det ein haug med bildekk som stod i brann. Ein halv time seinare hadde brannvesenet også sløkt denne brannen.

Politiet etterforskar saka utover dagen.

Knoksen i Sandnes