NRK Meny
Normal

Brannvesenet heldt vakt etter to mistenkelege brannar i Sandnes

Brannvesenet har i natt vore ute og sløkt to brannar i Sandved-området i Sandnes. Dei trur begge brannane er påsette.

Brannvesenet har i natt vore ute og sløkt to brannar i Sandved-området i Sandnes. Dei trur begge brannane er påsette.

TOTALSKADD: På Foren i Sandnes brann det i eit bygg med fleire buer tett på bustader. Ein bil fekk også skadar i brannen.

Politiet har i natt fått melding om to brannar i Sandnes i tidsrommet mellom 02.00 og 02.30.

Etter det NRK kjenner til kom den første meldinga om brann i ein stabel med pallar utanfor ei bedrift i Welhavens vei.

Brannvesenet oppdaga sjølv brann nummer to

Då brannvesenet hadde sløkt denne var det brannmannskapet sjølv som oppdaga brann nummer to, som var på Foren like ved.

Her brann det i eit bygg med fleire buer, som høyrer til bustader like ved. Bygget blei totalskadd og ein bil like ved ved fekk også materielle skadar.

– Det var ikkje fare for personar og ingen måtte evakuerast, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt i Stavanger, Sølvi Didriksen Ravndal.

Pallebrann i Welhavens vei

Det var ingen fare for spreiing då det brann i nokre pallar i Welhavens vei.

Foto: Ronny Hjertås

Har leita etter gjerningspersonar

Politiet meiner at begge brannane var påsette. Og brannvesenet heldt vakt i området etter hendinga i tilfelle det skulle byrja å brenna fleire stader.

– Slik me ser det var det ingen naturleg grunn til at det skulle byrja å brenna på desse to stadene nesten samstundes, derfor trur me brannane er påsette, seier Ravndal.

Politiet har hatt patruljar ute for å søka etter gjerningspersonar, men så langt har søket vore resultatlaus. Dei har heller ingen mistenkte i saka.

– Søket er nå avslutta og saka har gått over til vanleg etterforsking. Dersom nokon har sett noko mistenkeleg i området i dette tidsrommet så er me interesserte i tips, seier operasjonsleiaren.

Laster kart, vennligst vent...

Brannane skjedde i Welhavens vei og Foren.